søndag 14. desember 2008
Adventskalender
Det tok ikkje mange dagane før Øystein forstod kva dette var :) Han står klar til å ta imot pakkane - og kikkar overraska når det er tomt i posen. Det einaste han ikkje forstår er kvifor han ikkje kan få meir enn ein pakke om dagen :) Til nå har han fått mykje duplo, sokkar, smikke og ei flott trebjølle. Mange flotte ting som både eg og Øystein set pris på - takk oldemor =)
tirsdag 9. desember 2008
Kva skal ein gjere?

Ja, kva gjer ein når ein har ein gut som eeeelskar å sitte på akebrettet, ei litt lat mor, og ein hyper border collie?
Joda, me finn fram akebrett, sele og ban med strikk i - så set me i gang. Pga oppussing av løa har er det lite fritid, noko som diverre går utover hundane. Dei vert lufta kvar dag - men skulle hatt meir tid til trening og kos. Difor er det om å gjere å vere effektiv når ein kan - og slå fleire floger i ein smekk. Det er berre andre gongen Ross prøver å dra - så det gjenstår ein del trening. HEldigvis er Øystein tolmodig, og er like blid sjølv om det tek tid å ordne opp i surra band - og det går litt i rykk og napp :)

Som sagt så er Ross ein aktiv og ein energibunt av ein hund. Tenkte då at å dra akebrett var ein fin måte å få ut litt energi. Spike kan eg bruke til å dra akebrett, men pga litt dårli kondisjon for tida, vil eg ikkje la han dra 2 dagar på rad. (Han drog igår.) Spike var lett å trene, for han vil berre gå i hælane på meg å dilte. Så då var det berre å oppmuntre han til å dra og belønne for det - så gjekk resten av seg sjølv :)

lørdag 6. desember 2008
På tide med ny oppdatering...
Likevel så vaks nå både gulerøtene og salaten litt etterkvart. Det nærma seg at eg kunne hauste salaten - men det var nokon som kom meg i forkjøpet... Eg hadde ikkje greid å få Kenneth til å ordne gjerdet rundt hagen endå - så plutselig va både gulerøtene og salaten vekke. Låg bare nokre haugar med saueskit igjen... Så til neste år får eg prøve igjen - og sørge for skikkelig gjerde!!lørdag 21. juni 2008
Pløying med hest
Lene hadde henta Litlehesten frå beite, og plogen sto klar. Eg skulle køyre hesten - og Lene skulle styre plogen. Til og byrje me vart det litt skjeive furer.. Ikkje visste eg kvar eg skulle køyre - og eg og hesten var ikkje heilt samkøyrte. Men etter eg og hesten blei litt kjende med kvarandre - og Tor hadde justert plogen- så blei det nokså bra :)tirsdag 10. juni 2008
Litt oppdatering
Hest
Her er det sørgelig lite å oppdatere... Jørgine har hatt fri mesteparten av våren. Men når 17. mai, 4H sin Grendadag og Ungdomslaget sin grilldag må ho til pers. Her er alltid ein flokk med ungar som vil køyre hest. Så då er det fram med sele og vogn - å traske uendelige rundar rundt fotballbanen :) Heldigvis er ho ein stødig og godt innkøyrd hest - slik at eg kan køyre slike gonger, utan trening. Etter ho var ferdig med å køyre på grilldagen fortente ho ein liten ferie. (Som om ho ikkje har ferie heile året :p)
Eg mistenkte ho nemleg for å vere i brunst, så då køyrde me ho ned til Eriksmoen der Fattnes Jonas sto å venta :) Eg var litt bekymra for at ho skulle få juling av hingsten (er alltid litt bråk når dei sleppes saman), men etter ei lita stund var eg meir bekymra for hingsten. Jørgine lot seg ikkje kommandera nei... Men får håpa u roe seg og lar hingsten gjer jobben sin - så blir det nok endelig et lite føl på Øvrabø igjen.Det er ikkje blitt veldig mykje trening i det siste. Pga at sauene går ut (me trener, stort sett ikkje, på sauer med lam) og at me har dyrka på det beste treningsområdet vert det lite trening. Men sist veke starta me opp att i Eiadalen. Spike går det framover med. Litt ulydig, men ein god arbeidshun. Nå jobbar eg mest med lydighet, og å lære "høgre" og "venstre" på fløyte.
Og korleis går det med Ross? Hehe, det lure eg på. Han er fremdeles ein stor bajas som trur livet består av kos og lek. Sauene er kjekke og springe rund, og kanskje nappe litt i ulla. Men sette trykk på dei og drive dei mot meg? Nei - det er det ikkje noko poeng i... Begynne bli litt frustrert ettekvart nå - men får prøva littt meir.
Problemene mine er forsåvidt små i forhold til Kennneth... For snart 2 veker sidan var Kenneth til synstest med Kai. Han var svekka pga synet, og ville berre forverra seg. Han bestemte seg difor for å avlive Kai. No har han ein åring på prøve, men er usikker på om han vil behalde den, og er difor på utkikk etter ny hund.torsdag 29. mai 2008
Vil ha regn!
Eg storkose meg heima med Øystein i finveret :) Idag var me og testa bassenget. Typisk oss - nå har det vore sol i vekesvis (nesten) - men når me skal bade var det overskya og vind :-/ Men bada skulle me! Var litt kaldt for Øystein, men på det flotte badeanlegget vårt er det jo dusj - så etter ein varm dusj var alt greit igjen :) Blir nok fleire badeturar ja :)
Men tilbake til regnet. Eg kunne tenkt meg 1 dag med skikkelig regn, evt bare ei natt. Eg e lei av å høyra på at Kenneth og Jørgen klage øve for tørt. Å til og med eg ser at det er på tide med vatn når beita er meir brune enn grøne... Så ei natt med regn - så vil eg ha sol og sommar igjen :)
torsdag 17. april 2008
Vår
Som vanli på våren får eg litt ekstra energi, og mange planar om kva eg skal gjere - særleg ute i hagen. Som vanlig er det meir planar enn kva energien held til... Så det gjenstår og sjå kva som blir gjort og ikkje. Hovudplanane er:
Litt vanskeleg å sjå av bilete, men dette er ved sida av hovudinngangen. Her vil eg lage eit blomebed. Planen er å mure det opp litt, slik at det kjem litt opp i lufta. For å få dette til må eg skaffe stein og mure opp, og finne jord å fylle med. Her er eg avhengig av litt hjelp av Kenneth, så dette kan ta litt tid... Så gjenstår det til slutt og plante og få det fint :)

Her er i brystet mot eldhuset. Foreløpig så er her eit blomebed med ein rabarbrabusk, ein grasløk og ei plante eg ikkje heilt veit kva er... Planen er at dette skal bli ein liten grønsakshage. Det ligg bak huset slik at det ikkje er midt i synet, og det er ein del sol. Men av tidlegare erfaring veit eg at eg ikkje er så flink til å følge opp slike prosjekt. Så i første omgang spar eg opp eit lite område til venstre og plantar gulrøter og issalat. Dersom det vert vellykka kan eg prøve meir til neste år.
Her er eit lite område bak huset, ved sida av eldhuset. Her sådde me i plen i fjor, så håpar her blir finare i sommar. Her hadde vore kjekt og hatt stolar og bord, sidan det er ein av få plassa det er litt vindstille her oppe. Problemet er bare at der er svært lite sol... Så foreløpig veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere her. Nokon som har tips så tek eg imot :)
Elles må eg få skikk på plenen og rake vekk lauv, greiner, stein, hundeskit osv... Det blir nok bra ein gong:)
Øystein, Spike og Ross er med ute i hagen :)
Np for tida går det stort sett i lemming - og det er kos =) Kjem tilbake med bilete og blogg om det seinare.
torsdag 10. april 2008
Positiv treningsøkt

Spike (fremst), Ross (t.h) og Kai (t.v)
Ross synte og famgang i dag. Tidlegare har han sprunge meir eller mindre ukontrollert rundt sauene, men idag fekk eg han til å ligge der han skulle. Der var mykje leik, og han har langt ifra den tenninga han skal ha - men det var et steg i rett retning. Målet med han er og gjer sauegjeting til noko positivt - og håpe på at han ein dag vaknar skikkeleg. Elles vert det å trene lydighet utenom. Han lyer bra på "dekk", og han forstår "på plass". Dvs han set seg på rett plass, men er ikkje så flink til å gå der...
onsdag 9. april 2008
Skriv kommentar :)
Resten av påsken
Påskeafta var sol og vindstille, så då bestemte me oss for å begi oss ut på langtur :) Me pakka i bilane og køyrde opp til Moskar. Der gjekk me omtrent 1/3 over vatnet, før me fann ein bakke og setje oss ned i. Hallvard hadde snørekjørt etter Spike over isen - noko som gjekk forholdsvis bra. Her og grilla me pølser og åt masse sjokolade. Det vart litt kjedeleg ei stund, så eg og Hallvard måtte finne ein bakke og ake litt :) Øystein synest det var for kjedeleg og ligge i pulken heile tida, han ville opp og sjå kva som skjedde. tirsdag 1. april 2008
Litt oppsummering...
Eg får byrja med gjetarhundkurset i Ølen 8. og 9. mars. (Det var teori på fredagskvelden, men då kunne me ikkje pga me skulle på jubileumskonsert med Gullgutane.) Eg bestemte meg for berre å ta med Queenie på kurs, sidan det var ho eg trong mest hjelp med. Eg synest eg hadde hatt god framgang med tispa heime, og rekna derfor med å komme endå lenger denne helga. For å gjer ein lang historie kort - så bytte eg hund. Leif skulle forsøke Queenie, medan eg skulle prøve ein hannhund, Ross, som han ikkje fekk skikkeleg kontakt med. Skal skrive meir om han i ein eigen blogg.Queenie
Så kom plutselig påsken :) Palmesøndag var eg, Kenneth og Øystein opp til Mosvatnet for å prøve pulken. Som forventa likte Øystein seg godt der. Han sat og prata medan han såg på oss og hunden som sprang foran. Etter ei stund sovna han, og då stoppa eg og Kenneth for å grilla pølser. Det var sol då me byrja og gå, men skya til og byrja å blåsa på veg heim. Det var iallefall ikkje tvil om at det var sola som varma! Men det var ein fin tur :)
Tirsdag kom Kristian og Vidar inn, og me gjekk me på ski til Stakstestanga. (Øystein og mamma var att på hytta.) Det var fint ver, og ein kjempefin tur! Eg fekk ikkje gått på ski der inne i fjor - så det var godt å få ein tur att :) Merka at ikkje formen var heilt på topp, så målet med å gå til Folgefonna vart utsett ei stund til :) Fordelen var at eg greidde renna litt betre enn eg forventa (er viss blitt litt pysete dei siste åra...)Stakstestanga
Onsdag var ikkje eg på ski. Eg, mamma og Øystein bestemte oss for å prøve beremeisen. Me valgte å gå gamlevegen opp til Eikemo. Spike var med Hanne, Kjetil, Karin og Kristian på skitur. Ross var med oss, for han var sårføtt og då vart det for tøft i snøen. Øystein lika seg godt i beremeisen, og prata heile turen (einaste unntak var medan han skeit seg ut...) Då me kom opp til vegen sovna Øystein, og mamma bar meisen ned att. Kjekt at Øystein lika å sitte i meis, for då er det lettare å vere ute med han - eg må berre bli litt sterkare i ryggen... :p
Kenneth kom inn på onsdagskvelden, og torsdag ville me på ny skitur. Eg, Kenneth, Kjetil, Karin, Kristian, pappa og onkel Bjørn gjekk opp til Stølen. Planen var opp til Nutamyra og vidare, men det var litt vind, så me valgte heller Bakkastølen som ligg litt lågare. Eg hadde med både Spike og Ross. Var litt bekymra for føtene til Ross, men det var nysnø og me tok det med ro. Me åt nista inne på stølen, for det snøa ute. Det var faktisk 3 (eller var det 4) år sidan sist eg var her.... hmm... Idag var det endå finare føre, og me rann ned att same vegen me kom opp.Karin tek av fellene og førebur utforturen :)
Då me kom heim frå skitur hadde tante laga komle - noko som smaka utruleg godt! :) Ut på ettermiddagen bestemte me oss for å reise heim. Monica og dei var komne heim, og det var kjekt å få snakke litt med dei også. Me pakka detme hadde med oss, og pappa skyssa oss over fjorden saman med Kristian. Det vart ganske mykje bagasje når ein skulle ha med seg ski, i tillegg til det ein treng til ein unge og to hundar :)Det vart fullt i båten
Eg kjem tilbake til resten av påska - må komma meg i seng nå...
onsdag 27. februar 2008
Nå er eg lei av regn...
Bilete av Leite og inn mot Tornes
Bilete av Øvrabø, tatt frå vegen.
Tornes - Løa og huset i midten er vårt.
Torneshølen - dette er ein flott badeplass om sommaren :)

Mot Bratland
lørdag 19. januar 2008
Endelig hundetrening (på sau)!





Så va det meg og Spike sin tur. Han har ikkje trent på sau siden me var på Hadlaskar, så eg frykta at ikkje alt ville var perfekt :) An va litt treg til å dekka, men støsta problemet var at han gjekk litt trangt...
Her trene me driving - for så å trena utsending

Ikkje så lett å få både hund og sauer til å stilla seg opp for kamera :)
Her prøve eg og bremsa sauene sånn at Rita ska få tatt bilde. Men det e jo ikkje så lett når heile poenget e at sauene skal flytta seg for hunden :)

Til slutt gav Rita opp og tok heller bilde av Ola - han stod iallefall i ro :)
Sidan det var så lenge sidan sist trening blei dette meir eller mindre bare ein luftetur for hundane. Men likevel såg eg raskt kva eg må jobbe meir med.
1- Lydigheten. Det gjelde spesielt å få han til å legge seg litt raskare, spes på avstand. (Dette var eg klar over siden han fått gjer litt for møkje som han ville før og ette eg fekk Øystein... Blei litt tungt å springa 100 m for å korrigera med han i, eller seinare utenpå, magen.)
2- Utgangane. Han går for trangt på utgangane. Dette har han hatt tendenser til heile tida - sannsynligvis fordi han er litt bedagelig av natur - og gidde kje springa lenger enn nødvendig... Men det pleie å gå greit når eg bare får stått mellom og trua an ut et par ganger.
Eg såg selvfølgelig fleire ting eg må trena på - men får ta dei to tinga først. Viss d e fint ver imåro satse me på ei treningsøkt her oppe imåro. Då skal Queenie og få prøva seg ei økt.
fredag 18. januar 2008
4H klubbrådgivarsamling på Sand
Første stopp for gruppa mi var ved ein lavvo der me skulle steike pinnebrød og koke gløgg. Koselig og godt det - men etter ein stor og god lunsj på hotellet rett før var ikkje matlysten heilt på topp...
Men bål er jo alltid kos då =)
Her fekk me og prøva å kasta øks. Å for dei som syns det ser lett ut - bare prøv!!
Så kom me til den andre posten. HEr kunne me velge mellom å kjøre taubane over et lite juv, eller prøve rappelering! Eg valgte uten tvil rappelering. Må innrømma at det kribla litt i magen når eg sto på toppen og såg andre forsvinna ned...

Men eg stolte jo på at han som sikra hadde kontroll, så derfor var det berre til å hoppa i det :) Det var veldig kjekt, men det var litt meir skummelt enn eg hadde rekna med... Me hadde et handtak som fungerte som brems. Problemet var at når me trykte inn handtaket gjekk med nedover, og når me slapp handtaket bremsa me... Problemet mitt var at kvar gong eg syns det gjekk litt fort, ville eg automatisk trykka inn handtaket - å då datt eg jo bare endå meir... Men når eg bare fann ut av d va det knallkjekt! :)


Her ser dåkke kor me rappellerte. Her trur eg det er Helge som er på veg ned..
Siste posten var meir ufarlig.. Sjølv om det vartlitt knall og fall her. Me skulle nemlig gå tandemskiskyting. 4 stk på skia, og skyting med tennisballar på blikkboksar. (Kunne blitt skummelt med gevær på ryggen ja...)
Detta er laget mitt "Julaneket"... Me leda suverent ette første runde, men på andre runde blei d litt mange strafferundar (og fall i strafferundane... :) så det blei ein hederlig 2. plass.
Eit av mange fall i strafferunden :)
Heiagjeng
Siste aktivitet var ein stafett. Me tok på ein sele som var festa til eit tau. På tauet var ein knute som me måtte komma oss gjennom. Her vann julaneket suverent =)









