lørdag 21. juni 2008

Pløying med hest

For ca 2 veker si fekk eg spørsmål frå Lene om eg ville vere med og pløye potetåkeren hennar med hest. Selvfølgelig ville eg det - så då blei Øystein plassert hos mamma - og eg køyrde inn til Vetrhus.

Lene hadde henta Litlehesten frå beite, og plogen sto klar. Eg skulle køyre hesten - og Lene skulle styre plogen. Til og byrje me vart det litt skjeive furer.. Ikkje visste eg kvar eg skulle køyre - og eg og hesten var ikkje heilt samkøyrte. Men etter eg og hesten blei litt kjende med kvarandre - og Tor hadde justert plogen- så blei det nokså bra :)


Det var ikkje stor potetåker - men likevel var det kjekt å prøve korleis det var.

tirsdag 10. juni 2008

Litt oppdatering

Er blitt lite skriving, eller blogging, i det siste... Delvis fordi det har vore travelt, og delvis fordi me ikkje har hatt internett heima. Etter straumbrudd (ein gong under lemminga) har internett vore vekke, og først i sist veke fekk eg somla meg til å bestilla ny boks :-/

Hest
Her er det sørgelig lite å oppdatere... Jørgine har hatt fri mesteparten av våren. Men når 17. mai, 4H sin Grendadag og Ungdomslaget sin grilldag må ho til pers. Her er alltid ein flokk med ungar som vil køyre hest. Så då er det fram med sele og vogn - å traske uendelige rundar rundt fotballbanen :) Heldigvis er ho ein stødig og godt innkøyrd hest - slik at eg kan køyre slike gonger, utan trening. Etter ho var ferdig med å køyre på grilldagen fortente ho ein liten ferie. (Som om ho ikkje har ferie heile året :p)




Eg mistenkte ho nemleg for å vere i brunst, så då køyrde me ho ned til Eriksmoen der Fattnes Jonas sto å venta :) Eg var litt bekymra for at ho skulle få juling av hingsten (er alltid litt bråk når dei sleppes saman), men etter ei lita stund var eg meir bekymra for hingsten. Jørgine lot seg ikkje kommandera nei... Men får håpa u roe seg og lar hingsten gjer jobben sin - så blir det nok endelig et lite føl på Øvrabø igjen.
Fattnes Jonas

Hund
Det er ikkje blitt veldig mykje trening i det siste. Pga at sauene går ut (me trener, stort sett ikkje, på sauer med lam) og at me har dyrka på det beste treningsområdet vert det lite trening. Men sist veke starta me opp att i Eiadalen. Spike går det framover med. Litt ulydig, men ein god arbeidshun. Nå jobbar eg mest med lydighet, og å lære "høgre" og "venstre" på fløyte.
Og korleis går det med Ross? Hehe, det lure eg på. Han er fremdeles ein stor bajas som trur livet består av kos og lek. Sauene er kjekke og springe rund, og kanskje nappe litt i ulla. Men sette trykk på dei og drive dei mot meg? Nei - det er det ikkje noko poeng i... Begynne bli litt frustrert ettekvart nå - men får prøva littt meir.

Problemene mine er forsåvidt små i forhold til Kennneth... For snart 2 veker sidan var Kenneth til synstest med Kai. Han var svekka pga synet, og ville berre forverra seg. Han bestemte seg difor for å avlive Kai. No har han ein åring på prøve, men er usikker på om han vil behalde den, og er difor på utkikk etter ny hund.


(Kai)