
lørdag 21. juni 2008
Pløying med hest
For ca 2 veker si fekk eg spørsmål frå Lene om eg ville vere med og pløye potetåkeren hennar med hest. Selvfølgelig ville eg det - så då blei Øystein plassert hos mamma - og eg køyrde inn til Vetrhus.
Lene hadde henta Litlehesten frå beite, og plogen sto klar. Eg skulle køyre hesten - og Lene skulle styre plogen. Til og byrje me vart det litt skjeive furer.. Ikkje visste eg kvar eg skulle køyre - og eg og hesten var ikkje heilt samkøyrte. Men etter eg og hesten blei litt kjende med kvarandre - og Tor hadde justert plogen- så blei det nokså bra :)

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
veldig bra stil på det sista bildet, der.... ;-)
Legg inn en kommentar