søndag 7. oktober 2007

Sørhus Jørgine

Eg kjøpte Sørhus Jørgine frå Leif Tveit sommaren 2004. Ho er etter Haukmann (2. pr) og Øvrabø Sonja (2. pr).

Ho er ei stor hoppe med mykje framdrift og som likar å bruke seg. Ho er allsidig og er blant anna nytta til køyring med vogn og slede, ulike køyreoppdrag, riding, longering, bading, kløv og på skogen.

Då ho kom var ho ikkje gjort så mykje med, så me byrja med heilt grunnleggande trening sjølv om ho var 2 år gamal. Første sommaren køyrde me ho inn, og me hadde mange køyreturar med ho. Hausten då ho var 3 år starta me å ri på ho. Vinter/vår 2006 hadde Hanne ho med seg på folkehøgskule på Nordfjordeid. Her byrja dressurtreninga, som me diverre ikkje har fått fortsatt med... Skal prøve i vinter...



På hoppeutstillnga i Etne 2005 fekk ho beste køyreprøve (49 poeng!), stod nr 4 i kvalitet og fekk 3 premie.

På Hoppeutstillinga i Etne 2007 vart ho nr 1 i kvalitet og fekk ein etterlengta 2. premie! :)


Elles har me stilt ho i brukskøyring på Etnemarknaden 2 gonger. Første gang var i 2006, då var eg kusk og Hanne grom. Medan me varma opp oppdaga me at ho halta - så me fekk ikkje fullført. I 2007 skulle Hanne vera kusk og Jørgen grom, sidan eg netopp hadde fått Øystein. Dei hadde ei grei gjennomføring - bortsett frå at dei gløymde eit hinder - og dermed vart diskvalifisert :( Men me prøver igjen til neste år :) Dette året var ho og med i ein uoffisiell "hestepulling" - og her vart ho nr 2 etter ein svær dølavallak :)





Jørgine då eg henta ho
Frå rideprøven i Etne 2005




Jørgine på 17. mai

På kløvtur til Uravatnet