torsdag 17. april 2008

Vår

Nå e det endeli vår her og! (Jada, eg vett at d endå kan komma frost og snø...)



Som vanli på våren får eg litt ekstra energi, og mange planar om kva eg skal gjere - særleg ute i hagen. Som vanlig er det meir planar enn kva energien held til... Så det gjenstår og sjå kva som blir gjort og ikkje. Hovudplanane er:



Litt vanskeleg å sjå av bilete, men dette er ved sida av hovudinngangen. Her vil eg lage eit blomebed. Planen er å mure det opp litt, slik at det kjem litt opp i lufta. For å få dette til må eg skaffe stein og mure opp, og finne jord å fylle med. Her er eg avhengig av litt hjelp av Kenneth, så dette kan ta litt tid... Så gjenstår det til slutt og plante og få det fint :)






Her er i brystet mot eldhuset. Foreløpig så er her eit blomebed med ein rabarbrabusk, ein grasløk og ei plante eg ikkje heilt veit kva er... Planen er at dette skal bli ein liten grønsakshage. Det ligg bak huset slik at det ikkje er midt i synet, og det er ein del sol. Men av tidlegare erfaring veit eg at eg ikkje er så flink til å følge opp slike prosjekt. Så i første omgang spar eg opp eit lite område til venstre og plantar gulrøter og issalat. Dersom det vert vellykka kan eg prøve meir til neste år.



Her er eit lite område bak huset, ved sida av eldhuset. Her sådde me i plen i fjor, så håpar her blir finare i sommar. Her hadde vore kjekt og hatt stolar og bord, sidan det er ein av få plassa det er litt vindstille her oppe. Problemet er bare at der er svært lite sol... Så foreløpig veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere her. Nokon som har tips så tek eg imot :)






Elles må eg få skikk på plenen og rake vekk lauv, greiner, stein, hundeskit osv... Det blir nok bra ein gong:)

Øystein, Spike og Ross er med ute i hagen :)





Np for tida går det stort sett i lemming - og det er kos =) Kjem tilbake med bilete og blogg om det seinare.

torsdag 10. april 2008

Positiv treningsøkt

Idag var eg, Kenneth, Jørgen og Rita inne hos Ola for å trene hund. Heile vinteren har eg jobba for å få Spike til å gå vidare rundt sauene. (Tida medan eg gjekk med Øystein fekk han lov til å gå trongare pga eg ikkje var sprek nok til å korrigere det.) Idag løsna det endeleg - og han gjekk to vide finr utgangar - ein høgre og ein venstre :) I tillegg dreiv han bra - så eg avslutta økta forholdsvis tidleg! Det var knallkjekt å endeleg sjå framgong på det eg har jobba med. Målet vidare blir å behalde dei fine utgangane, litt lydigare på "dekk" og beinare inndriving.












Spike (fremst), Ross (t.h) og Kai (t.v)


Ross synte og famgang i dag. Tidlegare har han sprunge meir eller mindre ukontrollert rundt sauene, men idag fekk eg han til å ligge der han skulle. Der var mykje leik, og han har langt ifra den tenninga han skal ha - men det var et steg i rett retning. Målet med han er og gjer sauegjeting til noko positivt - og håpe på at han ein dag vaknar skikkeleg. Elles vert det å trene lydighet utenom. Han lyer bra på "dekk", og han forstår "på plass". Dvs han set seg på rett plass, men er ikkje så flink til å gå der...

onsdag 9. april 2008

Skriv kommentar :)

Nå har det endelig gått opp for meg at eg måtte endre på instillingane for at folk skulle kunne legge inn kommentarar i bloggen min. Det har eg nå gjort - og forventar difor maaange kommentarar :):)

Resten av påsken

Då me kom heim frå hytta var Øyvind, Monica, Jens Hallvard og Tollef komne heim. Derfor vart det ein tur innom der og prate litt før me kom oss heim og fekk Øystein i seng.


Sjølv om det var litt dårleg ver, måtte me på ski ein tur. Ski, bål og pølser høyrer med til påske. Så me pakka sekkene og fann fram ski og pulk heile gjengen - så bare det i veg på tur. Me starta ved vegen nedfor huset, og etter å ha gått 200 m var me framme ved bålplassen. Det er ikkje lengden som tel når ungar er med på tur :) Når me kom fram var det å tenne bål, grille pølser, koke kaffi og ete sjokolade. Medan me sat der kom det ei elgku forbi og lurte på kva me sat der for. Etter det var tomt for sjokolade byrja me på den laaange vegen heim :)


Påskeafta var sol og vindstille, så då bestemte me oss for å begi oss ut på langtur :) Me pakka i bilane og køyrde opp til Moskar. Der gjekk me omtrent 1/3 over vatnet, før me fann ein bakke og setje oss ned i. Hallvard hadde snørekjørt etter Spike over isen - noko som gjekk forholdsvis bra. Her og grilla me pølser og åt masse sjokolade. Det vart litt kjedeleg ei stund, så eg og Hallvard måtte finne ein bakke og ake litt :) Øystein synest det var for kjedeleg og ligge i pulken heile tida, han ville opp og sjå kva som skjedde.
Søndag og mandag var vel helst litt sløve... Søndag var Hallvard og besten oppe slik at me kunne ake litt i bakken. På mandagen (2.påskedag) forstod plutselig Øystein at d
nåe han flytta fram hender og kne - så kom han seg framover. Så nå er det definitivt slutt på å ha blomar ståande på golvet, ovn og stikkontaktar må passast heile tida - og blada under bordet ryddar eg til alle tider... :)

tirsdag 1. april 2008

Litt oppsummering...

Nå er det visst lenge sidan sist eg har skreve noko her... Det er ikkje fordi det ikkje har skjedd noko - det har vel heller vore litt for travelt i periodar...


Eg får byrja med gjetarhundkurset i Ølen 8. og 9. mars. (Det var teori på fredagskvelden, men då kunne me ikkje pga me skulle på jubileumskonsert med Gullgutane.) Eg bestemte meg for berre å ta med Queenie på kurs, sidan det var ho eg trong mest hjelp med. Eg synest eg hadde hatt god framgang med tispa heime, og rekna derfor med å komme endå lenger denne helga. For å gjer ein lang historie kort - så bytte eg hund. Leif skulle forsøke Queenie, medan eg skulle prøve ein hannhund, Ross, som han ikkje fekk skikkeleg kontakt med. Skal skrive meir om han i ein eigen blogg.



Queenie

Elles var det eit sosialt og kjekt kurs - minuset var at det var regn, vind og kaldt. Men det er det jo alltid når me skal trene hund :-/

Så kom plutselig påsken :) Palmesøndag var eg, Kenneth og Øystein opp til Mosvatnet for å prøve pulken. Som forventa likte Øystein seg godt der. Han sat og prata medan han såg på oss og hunden som sprang foran. Etter ei stund sovna han, og då stoppa eg og Kenneth for å grilla pølser. Det var sol då me byrja og gå, men skya til og byrja å blåsa på veg heim. Det var iallefall ikkje tvil om at det var sola som varma! Men det var ein fin tur :)

Ein som kosar seg i pulk
Eg hadde planar om å reise inn på hytta (Eikemo) på tirsdag/onsdag - men greidde ikkje halda meg lenger enn til mandag. Då reiste eg, Øystein og Hanne inn på hytta. Spike og Ross var sjølvsagt og med. På hytta var allerede mamma, pappa, Kjetil, Onkel Bjørn, Karin, Berit, Ole Aleksander og Karoline.



Tirsdag kom Kristian og Vidar inn, og me gjekk me på ski til Stakstestanga. (Øystein og mamma var att på hytta.) Det var fint ver, og ein kjempefin tur! Eg fekk ikkje gått på ski der inne i fjor - så det var godt å få ein tur att :) Merka at ikkje formen var heilt på topp, så målet med å gå til Folgefonna vart utsett ei stund til :) Fordelen var at eg greidde renna litt betre enn eg forventa (er viss blitt litt pysete dei siste åra...)


Stakstestanga


Onsdag var ikkje eg på ski. Eg, mamma og Øystein bestemte oss for å prøve beremeisen. Me valgte å gå gamlevegen opp til Eikemo. Spike var med Hanne, Kjetil, Karin og Kristian på skitur. Ross var med oss, for han var sårføtt og då vart det for tøft i snøen. Øystein lika seg godt i beremeisen, og prata heile turen (einaste unntak var medan han skeit seg ut...) Då me kom opp til vegen sovna Øystein, og mamma bar meisen ned att. Kjekt at Øystein lika å sitte i meis, for då er det lettare å vere ute med han - eg må berre bli litt sterkare i ryggen... :p
Ut på tur :)


Kenneth kom inn på onsdagskvelden, og torsdag ville me på ny skitur. Eg, Kenneth, Kjetil, Karin, Kristian, pappa og onkel Bjørn gjekk opp til Stølen. Planen var opp til Nutamyra og vidare, men det var litt vind, så me valgte heller Bakkastølen som ligg litt lågare. Eg hadde med både Spike og Ross. Var litt bekymra for føtene til Ross, men det var nysnø og me tok det med ro. Me åt nista inne på stølen, for det snøa ute. Det var faktisk 3 (eller var det 4) år sidan sist eg var her.... hmm... Idag var det endå finare føre, og me rann ned att same vegen me kom opp.



Karin tek av fellene og førebur utforturen :)


Då me kom heim frå skitur hadde tante laga komle - noko som smaka utruleg godt! :) Ut på ettermiddagen bestemte me oss for å reise heim. Monica og dei var komne heim, og det var kjekt å få snakke litt med dei også. Me pakka detme hadde med oss, og pappa skyssa oss over fjorden saman med Kristian. Det vart ganske mykje bagasje når ein skulle ha med seg ski, i tillegg til det ein treng til ein unge og to hundar :)



Det vart fullt i båten



Eg kjem tilbake til resten av påska - må komma meg i seng nå...