torsdag 17. april 2008

Vår

Nå e det endeli vår her og! (Jada, eg vett at d endå kan komma frost og snø...)



Som vanli på våren får eg litt ekstra energi, og mange planar om kva eg skal gjere - særleg ute i hagen. Som vanlig er det meir planar enn kva energien held til... Så det gjenstår og sjå kva som blir gjort og ikkje. Hovudplanane er:



Litt vanskeleg å sjå av bilete, men dette er ved sida av hovudinngangen. Her vil eg lage eit blomebed. Planen er å mure det opp litt, slik at det kjem litt opp i lufta. For å få dette til må eg skaffe stein og mure opp, og finne jord å fylle med. Her er eg avhengig av litt hjelp av Kenneth, så dette kan ta litt tid... Så gjenstår det til slutt og plante og få det fint :)






Her er i brystet mot eldhuset. Foreløpig så er her eit blomebed med ein rabarbrabusk, ein grasløk og ei plante eg ikkje heilt veit kva er... Planen er at dette skal bli ein liten grønsakshage. Det ligg bak huset slik at det ikkje er midt i synet, og det er ein del sol. Men av tidlegare erfaring veit eg at eg ikkje er så flink til å følge opp slike prosjekt. Så i første omgang spar eg opp eit lite område til venstre og plantar gulrøter og issalat. Dersom det vert vellykka kan eg prøve meir til neste år.



Her er eit lite område bak huset, ved sida av eldhuset. Her sådde me i plen i fjor, så håpar her blir finare i sommar. Her hadde vore kjekt og hatt stolar og bord, sidan det er ein av få plassa det er litt vindstille her oppe. Problemet er bare at der er svært lite sol... Så foreløpig veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere her. Nokon som har tips så tek eg imot :)






Elles må eg få skikk på plenen og rake vekk lauv, greiner, stein, hundeskit osv... Det blir nok bra ein gong:)

Øystein, Spike og Ross er med ute i hagen :)





Np for tida går det stort sett i lemming - og det er kos =) Kjem tilbake med bilete og blogg om det seinare.

2 kommentarer:

Anonym sa...

hei hei! så kjekt å sjå hagen din:) gler meg t å sjå utviklingå i blomebedå og ikkje minst me dressane:D uff d e eit slags blomebed utforbi dørå mi og, men d e så øvegrodd at eg ikkje veit kor eg ska bjynna, sukk...8/ Elles e d litt travelt, ska reisa t Dubrovnik neste helg, så prøve å jobba meg inn litt... kjipt å vera stukk inne i finveret, men den så vente på nåke bra...;D

Bjørnar sa...

Du etterlyser kommentarer - jeg sier det samme! Du har jo mange kommentarer forøvrig - jeg har ingen, eller en da, men det la jeg inne selv. :)
Det er morro å se at du skriver om løst og fast da! Fortsett med dette, kommer til å bli en fast innomdumper! :)

Magisk hage! :D