torsdag 20. desember 2007

Snart jul...

Nå nærme det seg jul... Me e så heldige at me har snø heima nå. Det er bare 5 -10 cm med hard skare - men likevel er det med på å gi julestemning :) For første år på leeenge har eg ikkje hatt nåke kav med eksamenar rett før jul - og det har vore godt! Men sjølv om eg ikkje har hatt lesing å tenkt på - så har eg jo 1000 ting eg skulle gjort som det ikkje ser ut som eg rekke i år heller :)


Baking: Får byrja med det eina eg har nokonlunde kontroll på då; nemlig bakinga. Baking er kjekt - og derfor har den vore prioritert. Eg har stort sett vore heima hos mamma og bakt - eg bake mens hu passe Øystein - så dele me kakene ettepå :) Fin deal for oss begge. Eg har bakt: kakemenn, konfektkaker og havreflarn, og fått stripebakkels av mamma :) Nå står pepperkakedeigen til kjøling, så skal eg og Hanne kjevle den ut og lage hus når ho kjem frå jobb. Elles har eg planar om å lage delfiakake, sjokoladekuler og peppermyntetoppar :) Men er ingen her som e glad i kaker og snop :)


Vasking: Vaskinga er ikkje så kjekk som bakinga - og derfor er eg heller ikkje komen så langt der... :( Men nå det er sagt så har eg hatt meir igjen når me e komne t 20. desember. Men eg har vaska kjøkkenet (minus komfyren), å så har eg byrja på stova... Byrja å vaska (å rydda ut av TV - benken der alt rot e blitt stua d sista året...) igår kveld - men så måtte eg t Seljestad å henta Kenneth som ikkje fekk start på bilen. Så eg får prøva å ta ei økt der igjen i kveld. Elles må eg ha ei skikkeleg opprydding i gangane - men elles blir det nok bare vanlig vask i resten av huset... Så viss gubben helde seg litt inne å er med å ser etter Øystein er det eit håp om å bli ferige :)


Julapresangar og julakort: Dei fleste julapresangane er kjøpt - faktisk så mangle eg bare 1! Å der vett eg faktisk kva eg ska kjøpa :) Har ikkje fått pakka inn alle presangane endå - men det er bare kos :) Når det gjelde julakort har eg nesten kontroll... Det blir nok romjulskort - men det kan vera like kjekt det :)


Trøsta er at det blir jul uansett om eg blir ferdig med det eg vil eller ikkje :) I år skal eg, Kenneth og Øystein vere heima hos mamma og dei. Første jula med Øystein og første jula eg og Kenneth feirar saman. På 1. dag skal me ha familien til Kenneth på ribbe, så då blir det folksomt hos oss :) 2. dag skal me heim til mamma og dei igjen og ete middag der. Resten av romjula tek me som det kjem - men eg tvilar på at me kjem til å svelte :p Ein kveld i romjula skal eg til Osen å treffa igjen venninner frå vgs i Sauda - noko eg gledar meg til! Elles får me prøva å slappa av, besøka venner og kosa oss i romjula :)


Hanne trykker ut pepperkaker

Nokre av kakene er komen på brettet


Veggene og nokre damer er ferdig steikte


Nokre ferdigsteikte kaker

torsdag 29. november 2007

Sauasamling i snø

Torsdag 23. november fekk eg spørsmål om eg kunne vere med med Spike opp på Hardangervidda og samle sauer dagen etterpå. Ein som har sauer inne med Hadlaskar (Hardangervidda) mangla 5 sauer, som no var observert av ein rypejeger. Dei ville fyke inn på fredagen, og sidan sauene var noko skjerre, så dei ville gjerne ha med hund. Sjølv om eg var usikker på min egen form, og korleis Spike ville fungere i snø - trong eg ikkje lange tida på å bestemme meg.

(Turisthytta på Hadlaskar)

Fredag morgon leverte eg Øystein til Grethe saman med klesskift, bleier, flasker, melkerstatning ++ Dersom det sko ta lenger tid enn planlagt sko iallefall ikkje Øystein lida nåke nød :) 08.30 køyrde Hallvar, Espen, Spike og eg til Kinsarvik for å fyka inn til Hadlaskar. Me fauk inn i sol og -6 grader. Då me landa oppfor Heimste Hadlaskar var det ein del vind. Den gav seg snart, så mesteparten av tida gjekk me i sol og vindstille. Det var kome ein del snø, men oppe på rabbane var mesteparten blåst vekk. Så me gjekk litt på bar bakke, medan me andre stader gjekk i snø opp til knes.


(Espen der helikopteret slapp oss av)



Etter å ha gått i ca 1 time fann me sauene. (Ironisk nok stod dei rett nedforbi der helikopteret sat oss av :p men pga vinden høyrde me dei ikkje.) Sauene stod litt oppfor oss, og me såg at dei var litt skjerre. Sidan eg var usikker på korleis Spike ville gå i snøen (redd for an ville følgje spora til sauene i staden for å gå rundt), ville eg at Hallvar skulle gå litt opp mot sauene og stenge den eine rømningsvegen deira. Då Hallvar gjekk oppover såg me at sauene ville prøve å rømme oppover. Dersom dei hadde kome seg over åsryggen der hadde me nok mista dei, og ikkje hatt nok tid før helikopteret kom og henta oss til å hente dei igjen. Eg tok sjansen på å sende Spike. Han slo fint ut, men det var bratt og djup snø så han strevde med å kome seg fram. Men etter litt bestemte kommandoar og oppmuntring kom han seg rundt sauene og fekk stoppa dei. I og med at sauene ikkje var vane med hund, samtidig som sauene var lite villige til å flytte seg pga mykje snø, greidde ikkje Spike løyse dei utan hjelp. (Det var eit lite stup rett nedom dei, så eg turde ikkje presse Spike til å bite, for då kunne både hund og sau kome trillande ned.) Men Spike heldt sauene på plass, slik at Hallvar kunne komme opp og hjelpe til med å presse dei ned.

Hallvar og Spike kjem ned med sauene


Eg skulle imponere med å bruke fløyte, men metallfløyte i minusgrader va lite planlagt...

Her har me sauene under kontroll og er på veg ned til turisthytta og hegna



Dei to lamma datt ned i ei sprekk, men me greidde å få dei opp att. Ut ifrå tyngden på dei hadde dei ikkje tatt skade av å gått i snøen litt :)




Her har me fått sauene inn på hegna og klargjer dei for transporten heim. For at me skulle kunne transportere dei med helikopter måtte me binde føtene deira for at dei skulle vere rolige under turen.



Her ligg sauene oppi helikoptersekkene og er klare til å fykast heim.



Sauene på veg heim :)


Nå gjenstår berre ein 1/2 times kjøretur til Eidfjord.



Det blei litt trongt i helikopeteret heim :)



Det var ein knallkjekk opplevelse å vera med å samla sau under slike forhold! Spike hadde og ein fin dag på jobb :). Øystein var og godt nøgd med dagen, for han hadde fått mykje meir oppmerksomhet av Grethe og Jonas denne dagen enn kva han får av meg :) Einaste som ikkje var heilt fornøgd var Kenneth som og kunne tenkt seg å vore med. Men med tanke på alle turane eg har måtta stått øve rett før og etter Øystein kom til - så fekk han ikkje så mykje medlidenhet av meg...

søndag 7. oktober 2007

Sørhus Jørgine

Eg kjøpte Sørhus Jørgine frå Leif Tveit sommaren 2004. Ho er etter Haukmann (2. pr) og Øvrabø Sonja (2. pr).

Ho er ei stor hoppe med mykje framdrift og som likar å bruke seg. Ho er allsidig og er blant anna nytta til køyring med vogn og slede, ulike køyreoppdrag, riding, longering, bading, kløv og på skogen.

Då ho kom var ho ikkje gjort så mykje med, så me byrja med heilt grunnleggande trening sjølv om ho var 2 år gamal. Første sommaren køyrde me ho inn, og me hadde mange køyreturar med ho. Hausten då ho var 3 år starta me å ri på ho. Vinter/vår 2006 hadde Hanne ho med seg på folkehøgskule på Nordfjordeid. Her byrja dressurtreninga, som me diverre ikkje har fått fortsatt med... Skal prøve i vinter...



På hoppeutstillnga i Etne 2005 fekk ho beste køyreprøve (49 poeng!), stod nr 4 i kvalitet og fekk 3 premie.

På Hoppeutstillinga i Etne 2007 vart ho nr 1 i kvalitet og fekk ein etterlengta 2. premie! :)


Elles har me stilt ho i brukskøyring på Etnemarknaden 2 gonger. Første gang var i 2006, då var eg kusk og Hanne grom. Medan me varma opp oppdaga me at ho halta - så me fekk ikkje fullført. I 2007 skulle Hanne vera kusk og Jørgen grom, sidan eg netopp hadde fått Øystein. Dei hadde ei grei gjennomføring - bortsett frå at dei gløymde eit hinder - og dermed vart diskvalifisert :( Men me prøver igjen til neste år :) Dette året var ho og med i ein uoffisiell "hestepulling" - og her vart ho nr 2 etter ein svær dølavallak :)





Jørgine då eg henta ho
Frå rideprøven i Etne 2005




Jørgine på 17. mai

På kløvtur til Uravatnet