fredag 18. januar 2008

4H klubbrådgivarsamling på Sand



Første helga i januar var det klubbrådgivarsamling på Sand. Siden eg har sagt ja til å vera klubbrådgivar for Fjellbjørka dette året, og det var så nærme, var det bare til å reise. Så frå Nes reiste eg, Aud Nora og Helge. Samlinga var som forventa, masse "kjekke" bli-kjend-leikar (typisk 4H), nokre gode og nokre dårlege foredrag, teambuilding og masse god mat (ikkje fullt så typisk for 4H...) :)



På teambuildinga skulle me vore på Gullingen, men pga mykje vind (velta tre over veien o.l.)vart det flytta til Kolbeinstveit. Eit godt bytte, i og med at rappelering var ein del av programmet der - og eg har hatt lyst til å prøva d leeenge! Då me kom opp til Gullingen vart me delt i 3 grupper, og skulle innom 3 postar.







Her står me forventningsfulle (og redde) for kva opplegg dei hadde til oss...




Første stopp for gruppa mi var ved ein lavvo der me skulle steike pinnebrød og koke gløgg. Koselig og godt det - men etter ein stor og god lunsj på hotellet rett før var ikkje matlysten heilt på topp...



Men bål er jo alltid kos då =)





Her fekk me og prøva å kasta øks. Å for dei som syns det ser lett ut - bare prøv!!






Den øksa va nemlig tung!! :)





Så kom me til den andre posten. HEr kunne me velge mellom å kjøre taubane over et lite juv, eller prøve rappelering! Eg valgte uten tvil rappelering. Må innrømma at det kribla litt i magen når eg sto på toppen og såg andre forsvinna ned...





Men eg stolte jo på at han som sikra hadde kontroll, så derfor var det berre til å hoppa i det :) Det var veldig kjekt, men det var litt meir skummelt enn eg hadde rekna med... Me hadde et handtak som fungerte som brems. Problemet var at når me trykte inn handtaket gjekk med nedover, og når me slapp handtaket bremsa me... Problemet mitt var at kvar gong eg syns det gjekk litt fort, ville eg automatisk trykka inn handtaket - å då datt eg jo bare endå meir... Men når eg bare fann ut av d va det knallkjekt! :)





Her ser dåkke kor me rappellerte. Her trur eg det er Helge som er på veg ned..

Siste posten var meir ufarlig.. Sjølv om det vartlitt knall og fall her. Me skulle nemlig gå tandemskiskyting. 4 stk på skia, og skyting med tennisballar på blikkboksar. (Kunne blitt skummelt med gevær på ryggen ja...)



Detta er laget mitt "Julaneket"... Me leda suverent ette første runde, men på andre runde blei d litt mange strafferundar (og fall i strafferundane... :) så det blei ein hederlig 2. plass.


Eit av mange fall i strafferunden :)


Heiagjeng


Siste aktivitet var ein stafett. Me tok på ein sele som var festa til eit tau. På tauet var ein knute som me måtte komma oss gjennom. Her vann julaneket suverent =)

Ingen kommentarer: