søndag 14. desember 2008

Adventskalender

I år hadde eg ikkje tenkt å lage adventskalender til Øystein Eg tenkte han var for lite til å vite kva han gjekk glipp av, så då var det ikkje vits i. Men oldemor (farmor) til Øystein synest at Øystein skulle ha adventskalender. Ho vevde eit julemønster, sydde sekkar og fylte opp i dei. Så fekk eg ein flott - fiks ferdig- adventskalender til Øystein.





Det tok ikkje mange dagane før Øystein forstod kva dette var :) Han står klar til å ta imot pakkane - og kikkar overraska når det er tomt i posen. Det einaste han ikkje forstår er kvifor han ikkje kan få meir enn ein pakke om dagen :) Til nå har han fått mykje duplo, sokkar, smikke og ei flott trebjølle. Mange flotte ting som både eg og Øystein set pris på - takk oldemor =)

4 kommentarer:

Benedikte sa...

Blei knall imponert over vevinga! Det var kjempefint!
Heldig Øystein er. Håper dere har det bra og at dere får ei fin kvit jul. (det får nok ikkje eg...)

Benedikte

Anonym sa...

å, Øystein e vel ein heldig gut;) utrulig flott kalenderen va! imponert!!

Klara sa...

Du har blogg!!! :-) skal stikka innom her av og til! :-) elles alt bra? ikkje lenge til vår - onn og lemming og full rulle nå....!!!:-)

Jorunn Merete sa...

det skjer ikkje så mykje på din blogg heller for tiå, ser eg:) Mens eg kan hoverera med rykande fersk post på min blogg vente eg i spenning på nytt frå din kant;oP

hehe, klem klem:)