tirsdag 9. desember 2008

Kva skal ein gjere?



Ja, kva gjer ein når ein har ein gut som eeeelskar å sitte på akebrettet, ei litt lat mor, og ein hyper border collie?

Joda, me finn fram akebrett, sele og ban med strikk i - så set me i gang. Pga oppussing av løa har er det lite fritid, noko som diverre går utover hundane. Dei vert lufta kvar dag - men skulle hatt meir tid til trening og kos. Difor er det om å gjere å vere effektiv når ein kan - og slå fleire floger i ein smekk. Det er berre andre gongen Ross prøver å dra - så det gjenstår ein del trening. HEldigvis er Øystein tolmodig, og er like blid sjølv om det tek tid å ordne opp i surra band - og det går litt i rykk og napp :)


Som sagt så er Ross ein aktiv og ein energibunt av ein hund. Tenkte då at å dra akebrett var ein fin måte å få ut litt energi. Spike kan eg bruke til å dra akebrett, men pga litt dårli kondisjon for tida, vil eg ikkje la han dra 2 dagar på rad. (Han drog igår.) Spike var lett å trene, for han vil berre gå i hælane på meg å dilte. Så då var det berre å oppmuntre han til å dra og belønne for det - så gjekk resten av seg sjølv :)
Med Ross var det derimot ein annan sak... Han elskar å springe og ville helst springe over alt no og... Noko som ikkje gjekk pga han som satt i akebrettet. Så eg prøvde å få han til å gå fint og dra rolig.. Bruka først tid på å lære han å gå framover - og at han faktisk skulle dra. Bruka ros når han gjorde rett - med det resultat at han hoppa bort til meg for å få skrøyt. MEd et resultat at det rykka ubehagleg for han i akebrettet, så eg måtte skru ned rosen litt. Var mykje styr - men ved oppmuntring når han drog og eit mildt "nei" når han byrja leika gjekk det framover. Mot slutten drog han nokonlunde jamnt, og leika litt mindre over korte strekningar. Godt nøgd med økta - og gledar meg til å trene vidare :)
3 nøgde gutar etter turen :)

Ingen kommentarer: