søndag 23. mai 2010

Vår :)

Etter ein kort(?) bloggpause på omlag 1 1/2 år er det på tide å prøve att... Det er endeleg blitt vår og nesten sommar. Det er eigentleg ingen grunn til å bli flinkare til å sitte framfor PC'en - men det gir litt meir energi til å gjere ting som er blit nedprioritert.


Det er slutt på frostnettene (håpar eg...), sola skin lenger for kvar dag og temperaturen er opp i mot 20 grader. Med unntak av litt kald vind er det nesten sommarstemning :)


I fjor haust fekk eg endeleg laga klar blomabedet mitt på sida av trappa. Då eg spar og lukar i det får eg ei kjensle av at det blir i største laget... Men, får prøve å sjå korleis det går :) I fjor sette eg laukar av tulipan, påskeliljer, krokus og snøklokker. Resultatet var heller skuffande i vår... et kom opp 2 tulipanar med knopp - 5-6 tulipanar utan knopp - og ei lita snøklokke utan blom... Litt usikker på kva som skjedde, men trur kanskje at løkane vart liggande for varmt og tørt før eg sette dei... Men men - får sette nye til hausten.





For eit par veker si planta eg og Øystein solsikker inne, og dei planta me netopp ut. Det er ei blanding av solsikker i både storleik og farge - så blir spennande å sjå kva som dukkar opp :) Har planta dei i ei rekke heilt bakerst i bedet.


Planta og ut ei potte med små stemorsblomar som var att etter ein oppsats eg kjøpte til påske.





Eg prøver meg på litt grønsaker i år og. Dei 2 førre åra er den litle avlinga mi eten opp av sauene lenge før hausting. No har me sett opp eit skikkeleg gjerde rundt heile hagen, så då prøver eg ein gong til... Eg og Øystein har planta purre, gulrøtter og markjordbær inne. Idag planta me ut purren og gulrøten + at me sådde sukkererter. Sukkerertene til venstre for planken, og gulerøttene og purren til høgre. Planke var eit forsøk for å skjerme plantene for vinden...



Inntil veggen her er er det meininga at eg skal plante ut jordbærplantene når dei veks litt meir - eg må berre luke litt først... Eg må og plante ein ny grasløk, for der har viss sauene fare med røtene og alt...

2 kommentarer:

Benedikte sa...

Så koselig med en oppdatering. Har normalt hoppet over linken hertil, men "bommet" i dag og havnet innpå.

Gleder meg til å treffe deg igjen nå. Ikke lenge til nå.

Jorunn Merete sa...

jess, endelig oppdatering:) koselig hage dåkke har laga, gler meg til å sjå resulta av blomane og grønsakene:)