tirsdag 25. mai 2010

Tur til Kvaløy og Ølmedalen rundt

2. pinsedag tok me oss ein tur ut til Kvaløy og Ølmedalen. Målet var å gå Ølmedalen rundt, og om det passa vere med Åsvald ut å fiske litt. Me fekk med oss begge deler, i tillegg til å helse såvidt på Sjur.

Då me kom var allereie Åsvald og Edvard ute og "tørka over" fisk. Ettersom eg forstod så var det å flytte fisken (hovudsakleg makrell) over frå ei not, og til ein pose (ei samlenot.) Hanne tok oss med over i ein annan båt, og me fekk sjå/vere med på dette arbeidet. Både eg, Øystein og Kenneth syntes dette var fascinerande :)




Det var nokre fiskar som hadde sett seg fast i nota, og desse tok me opp i båten. Dei som var ferske tok me med til land - og dei andre fekk måkene. Me var så heldige å få me oss eit par makrell heim. Edvard fileterte t.o.m eit par av dei - luksus :)

Etterpå køyrde me opp til Ølmedal for å gå "Ølmedalen rundt". Me hadde ikjkje me oss vogn, men fekk låne ei tvillingvogn. Det passa godt, for Øystein var trøytt og sovna halvvegs rundt vatnet. På veg rundt vatnet helste me og på Sjur, ein vallakk me har sett ut på for. Han kjente oss igjen, men såg ut som han trivdes godt der han var. Ei stund sidan manen hans var klypt :)


Ein stolt gut som fekk medalje etter å ha sove seg gjennom Ølmedal rundt :)

Petter Northu var og med

Ingen kommentarer: