I år hadde eg ikkje tenkt å lage adventskalender til Øystein Eg tenkte han var for lite til å vite kva han gjekk glipp av, så då var det ikkje vits i. Men oldemor (farmor) til Øystein synest at Øystein skulle ha adventskalender. Ho vevde eit julemønster, sydde sekkar og fylte opp i dei. Så fekk eg ein flott - fiks ferdig- adventskalender til Øystein.
Det tok ikkje mange dagane før Øystein forstod kva dette var :) Han står klar til å ta imot pakkane - og kikkar overraska når det er tomt i posen. Det einaste han ikkje forstår er kvifor han ikkje kan få meir enn ein pakke om dagen :) Til nå har han fått mykje duplo, sokkar, smikke og ei flott trebjølle. Mange flotte ting som både eg og Øystein set pris på - takk oldemor =)
søndag 14. desember 2008
tirsdag 9. desember 2008
Kva skal ein gjere?

Ja, kva gjer ein når ein har ein gut som eeeelskar å sitte på akebrettet, ei litt lat mor, og ein hyper border collie?
Joda, me finn fram akebrett, sele og ban med strikk i - så set me i gang. Pga oppussing av løa har er det lite fritid, noko som diverre går utover hundane. Dei vert lufta kvar dag - men skulle hatt meir tid til trening og kos. Difor er det om å gjere å vere effektiv når ein kan - og slå fleire floger i ein smekk. Det er berre andre gongen Ross prøver å dra - så det gjenstår ein del trening. HEldigvis er Øystein tolmodig, og er like blid sjølv om det tek tid å ordne opp i surra band - og det går litt i rykk og napp :)

Som sagt så er Ross ein aktiv og ein energibunt av ein hund. Tenkte då at å dra akebrett var ein fin måte å få ut litt energi. Spike kan eg bruke til å dra akebrett, men pga litt dårli kondisjon for tida, vil eg ikkje la han dra 2 dagar på rad. (Han drog igår.) Spike var lett å trene, for han vil berre gå i hælane på meg å dilte. Så då var det berre å oppmuntre han til å dra og belønne for det - så gjekk resten av seg sjølv :)
Med Ross var det derimot ein annan sak... Han elskar å springe og ville helst springe over alt no og... Noko som ikkje gjekk pga han som satt i akebrettet. Så eg prøvde å få han til å gå fint og dra rolig.. Bruka først tid på å lære han å gå framover - og at han faktisk skulle dra. Bruka ros når han gjorde rett - med det resultat at han hoppa bort til meg for å få skrøyt. MEd et resultat at det rykka ubehagleg for han i akebrettet, så eg måtte skru ned rosen litt. Var mykje styr - men ved oppmuntring når han drog og eit mildt "nei" når han byrja leika gjekk det framover. Mot slutten drog han nokonlunde jamnt, og leika litt mindre over korte strekningar. Godt nøgd med økta - og gledar meg til å trene vidare :)

3 nøgde gutar etter turen :)
lørdag 6. desember 2008
På tide med ny oppdatering...
Hmm, ser ut som alle bloggane mine blir oppdateringar... Har vore travelt og lite blogging i det siste - får prøve å gjer noko med det framøve... Ein gong i sommar lovte eg Bjørnar at den neste bloggen min skulle fortelje korleis det gjekk med grønsakshageprosjektet mitt, så eg får begynna der...
Likevel så vaks nå både gulerøtene og salaten litt etterkvart. Det nærma seg at eg kunne hauste salaten - men det var nokon som kom meg i forkjøpet... Eg hadde ikkje greid å få Kenneth til å ordne gjerdet rundt hagen endå - så plutselig va både gulerøtene og salaten vekke. Låg bare nokre haugar med saueskit igjen... Så til neste år får eg prøve igjen - og sørge for skikkelig gjerde!!
Eg sådde som sagt halvparten men hodesalat og halvparten med gulerøter. Eg sådde sjølvsagt rett før den første varme perioden i sommar - og det tok difor si tid før dei kom opp. Når dei endeleg kom opp var eg faktisk fling til både å vatne og luke. Så kom me til ein ny varmeperiode (nesten tørkeperiode :), og då vart det sløvt med vatninga - pga trøbbel med vatningsanlegget.
Likevel så vaks nå både gulerøtene og salaten litt etterkvart. Det nærma seg at eg kunne hauste salaten - men det var nokon som kom meg i forkjøpet... Eg hadde ikkje greid å få Kenneth til å ordne gjerdet rundt hagen endå - så plutselig va både gulerøtene og salaten vekke. Låg bare nokre haugar med saueskit igjen... Så til neste år får eg prøve igjen - og sørge for skikkelig gjerde!!lørdag 21. juni 2008
Pløying med hest
For ca 2 veker si fekk eg spørsmål frå Lene om eg ville vere med og pløye potetåkeren hennar med hest. Selvfølgelig ville eg det - så då blei Øystein plassert hos mamma - og eg køyrde inn til Vetrhus.
Lene hadde henta Litlehesten frå beite, og plogen sto klar. Eg skulle køyre hesten - og Lene skulle styre plogen. Til og byrje me vart det litt skjeive furer.. Ikkje visste eg kvar eg skulle køyre - og eg og hesten var ikkje heilt samkøyrte. Men etter eg og hesten blei litt kjende med kvarandre - og Tor hadde justert plogen- så blei det nokså bra :)
Lene hadde henta Litlehesten frå beite, og plogen sto klar. Eg skulle køyre hesten - og Lene skulle styre plogen. Til og byrje me vart det litt skjeive furer.. Ikkje visste eg kvar eg skulle køyre - og eg og hesten var ikkje heilt samkøyrte. Men etter eg og hesten blei litt kjende med kvarandre - og Tor hadde justert plogen- så blei det nokså bra :)tirsdag 10. juni 2008
Litt oppdatering
Er blitt lite skriving, eller blogging, i det siste... Delvis fordi det har vore travelt, og delvis fordi me ikkje har hatt internett heima. Etter straumbrudd (ein gong under lemminga) har internett vore vekke, og først i sist veke fekk eg somla meg til å bestilla ny boks :-/
Hest
Her er det sørgelig lite å oppdatere... Jørgine har hatt fri mesteparten av våren. Men når 17. mai, 4H sin Grendadag og Ungdomslaget sin grilldag må ho til pers. Her er alltid ein flokk med ungar som vil køyre hest. Så då er det fram med sele og vogn - å traske uendelige rundar rundt fotballbanen :) Heldigvis er ho ein stødig og godt innkøyrd hest - slik at eg kan køyre slike gonger, utan trening. Etter ho var ferdig med å køyre på grilldagen fortente ho ein liten ferie. (Som om ho ikkje har ferie heile året :p)

Eg mistenkte ho nemleg for å vere i brunst, så då køyrde me ho ned til Eriksmoen der Fattnes Jonas sto å venta :) Eg var litt bekymra for at ho skulle få juling av hingsten (er alltid litt bråk når dei sleppes saman), men etter ei lita stund var eg meir bekymra for hingsten. Jørgine lot seg ikkje kommandera nei... Men får håpa u roe seg og lar hingsten gjer jobben sin - så blir det nok endelig et lite føl på Øvrabø igjen.Fattnes Jonas
Hund
Det er ikkje blitt veldig mykje trening i det siste. Pga at sauene går ut (me trener, stort sett ikkje, på sauer med lam) og at me har dyrka på det beste treningsområdet vert det lite trening. Men sist veke starta me opp att i Eiadalen. Spike går det framover med. Litt ulydig, men ein god arbeidshun. Nå jobbar eg mest med lydighet, og å lære "høgre" og "venstre" på fløyte.
Og korleis går det med Ross? Hehe, det lure eg på. Han er fremdeles ein stor bajas som trur livet består av kos og lek. Sauene er kjekke og springe rund, og kanskje nappe litt i ulla. Men sette trykk på dei og drive dei mot meg? Nei - det er det ikkje noko poeng i... Begynne bli litt frustrert ettekvart nå - men får prøva littt meir.

Problemene mine er forsåvidt små i forhold til Kennneth... For snart 2 veker sidan var Kenneth til synstest med Kai. Han var svekka pga synet, og ville berre forverra seg. Han bestemte seg difor for å avlive Kai. No har han ein åring på prøve, men er usikker på om han vil behalde den, og er difor på utkikk etter ny hund.(Kai)
torsdag 29. mai 2008
Vil ha regn!
Neida, ikkje har det tørna for meg, og ikkje har eg fått solstikk!
Eg storkose meg heima med Øystein i finveret :) Idag var me og testa bassenget. Typisk oss - nå har det vore sol i vekesvis (nesten) - men når me skal bade var det overskya og vind :-/ Men bada skulle me! Var litt kaldt for Øystein, men på det flotte badeanlegget vårt er det jo dusj - så etter ein varm dusj var alt greit igjen :) Blir nok fleire badeturar ja :)
Men tilbake til regnet. Eg kunne tenkt meg 1 dag med skikkelig regn, evt bare ei natt. Eg e lei av å høyra på at Kenneth og Jørgen klage øve for tørt. Å til og med eg ser at det er på tide med vatn når beita er meir brune enn grøne... Så ei natt med regn - så vil eg ha sol og sommar igjen :)

torsdag 17. april 2008
Vår
Nå e det endeli vår her og! (Jada, eg vett at d endå kan komma frost og snø...)
Som vanli på våren får eg litt ekstra energi, og mange planar om kva eg skal gjere - særleg ute i hagen. Som vanlig er det meir planar enn kva energien held til... Så det gjenstår og sjå kva som blir gjort og ikkje. Hovudplanane er:
Litt vanskeleg å sjå av bilete, men dette er ved sida av hovudinngangen. Her vil eg lage eit blomebed. Planen er å mure det opp litt, slik at det kjem litt opp i lufta. For å få dette til må eg skaffe stein og mure opp, og finne jord å fylle med. Her er eg avhengig av litt hjelp av Kenneth, så dette kan ta litt tid... Så gjenstår det til slutt og plante og få det fint :)

Her er i brystet mot eldhuset. Foreløpig så er her eit blomebed med ein rabarbrabusk, ein grasløk og ei plante eg ikkje heilt veit kva er... Planen er at dette skal bli ein liten grønsakshage. Det ligg bak huset slik at det ikkje er midt i synet, og det er ein del sol. Men av tidlegare erfaring veit eg at eg ikkje er så flink til å følge opp slike prosjekt. Så i første omgang spar eg opp eit lite område til venstre og plantar gulrøter og issalat. Dersom det vert vellykka kan eg prøve meir til neste år.
Her er eit lite område bak huset, ved sida av eldhuset. Her sådde me i plen i fjor, så håpar her blir finare i sommar. Her hadde vore kjekt og hatt stolar og bord, sidan det er ein av få plassa det er litt vindstille her oppe. Problemet er bare at der er svært lite sol... Så foreløpig veit eg ikkje heilt kva eg skal gjere her. Nokon som har tips så tek eg imot :)

Elles må eg få skikk på plenen og rake vekk lauv, greiner, stein, hundeskit osv... Det blir nok bra ein gong:)
Øystein, Spike og Ross er med ute i hagen :)
Np for tida går det stort sett i lemming - og det er kos =) Kjem tilbake med bilete og blogg om det seinare.

Abonner på:
Innlegg (Atom)