søndag 14. desember 2008

Adventskalender

I år hadde eg ikkje tenkt å lage adventskalender til Øystein Eg tenkte han var for lite til å vite kva han gjekk glipp av, så då var det ikkje vits i. Men oldemor (farmor) til Øystein synest at Øystein skulle ha adventskalender. Ho vevde eit julemønster, sydde sekkar og fylte opp i dei. Så fekk eg ein flott - fiks ferdig- adventskalender til Øystein.





Det tok ikkje mange dagane før Øystein forstod kva dette var :) Han står klar til å ta imot pakkane - og kikkar overraska når det er tomt i posen. Det einaste han ikkje forstår er kvifor han ikkje kan få meir enn ein pakke om dagen :) Til nå har han fått mykje duplo, sokkar, smikke og ei flott trebjølle. Mange flotte ting som både eg og Øystein set pris på - takk oldemor =)

tirsdag 9. desember 2008

Kva skal ein gjere?



Ja, kva gjer ein når ein har ein gut som eeeelskar å sitte på akebrettet, ei litt lat mor, og ein hyper border collie?

Joda, me finn fram akebrett, sele og ban med strikk i - så set me i gang. Pga oppussing av løa har er det lite fritid, noko som diverre går utover hundane. Dei vert lufta kvar dag - men skulle hatt meir tid til trening og kos. Difor er det om å gjere å vere effektiv når ein kan - og slå fleire floger i ein smekk. Det er berre andre gongen Ross prøver å dra - så det gjenstår ein del trening. HEldigvis er Øystein tolmodig, og er like blid sjølv om det tek tid å ordne opp i surra band - og det går litt i rykk og napp :)


Som sagt så er Ross ein aktiv og ein energibunt av ein hund. Tenkte då at å dra akebrett var ein fin måte å få ut litt energi. Spike kan eg bruke til å dra akebrett, men pga litt dårli kondisjon for tida, vil eg ikkje la han dra 2 dagar på rad. (Han drog igår.) Spike var lett å trene, for han vil berre gå i hælane på meg å dilte. Så då var det berre å oppmuntre han til å dra og belønne for det - så gjekk resten av seg sjølv :)
Med Ross var det derimot ein annan sak... Han elskar å springe og ville helst springe over alt no og... Noko som ikkje gjekk pga han som satt i akebrettet. Så eg prøvde å få han til å gå fint og dra rolig.. Bruka først tid på å lære han å gå framover - og at han faktisk skulle dra. Bruka ros når han gjorde rett - med det resultat at han hoppa bort til meg for å få skrøyt. MEd et resultat at det rykka ubehagleg for han i akebrettet, så eg måtte skru ned rosen litt. Var mykje styr - men ved oppmuntring når han drog og eit mildt "nei" når han byrja leika gjekk det framover. Mot slutten drog han nokonlunde jamnt, og leika litt mindre over korte strekningar. Godt nøgd med økta - og gledar meg til å trene vidare :)
3 nøgde gutar etter turen :)

lørdag 6. desember 2008

På tide med ny oppdatering...

Hmm, ser ut som alle bloggane mine blir oppdateringar... Har vore travelt og lite blogging i det siste - får prøve å gjer noko med det framøve... Ein gong i sommar lovte eg Bjørnar at den neste bloggen min skulle fortelje korleis det gjekk med grønsakshageprosjektet mitt, så eg får begynna der...
Eg sådde som sagt halvparten men hodesalat og halvparten med gulerøter. Eg sådde sjølvsagt rett før den første varme perioden i sommar - og det tok difor si tid før dei kom opp. Når dei endeleg kom opp var eg faktisk fling til både å vatne og luke. Så kom me til ein ny varmeperiode (nesten tørkeperiode :), og då vart det sløvt med vatninga - pga trøbbel med vatningsanlegget.
Likevel så vaks nå både gulerøtene og salaten litt etterkvart. Det nærma seg at eg kunne hauste salaten - men det var nokon som kom meg i forkjøpet... Eg hadde ikkje greid å få Kenneth til å ordne gjerdet rundt hagen endå - så plutselig va både gulerøtene og salaten vekke. Låg bare nokre haugar med saueskit igjen... Så til neste år får eg prøve igjen - og sørge for skikkelig gjerde!!